Her kjem informasjon om arrangementa våre. Del gjerne erfaringar og bilder med oss, til inspirasjon, nytte og glede!

Hagetur til Flor og Fjære

Stryn hagelag planlegg tur til Flor og Fjære, helga 20.-22. august. 2 overnattingar på hotell. Dei reiser forbi Førde formiddag på fredagen. Dei har ledige plasser, påmeldte til no er 33, bussen tek 48.

Pris per person i dobbeltrom, 2 middagar, 2 lunsj, Flor og Fjære, buss/ferger/bomp. ca. 3500, tillegg for enkeltrom kr.350.

Rosedag på Milde 6. juli

Arboretet og Botanisk hage på Milde inviterar til Rosedag på Milde med seminar og rosevandringar.

Programmet: Roser som står att i gamle hagar eller er arva frå tidligare generasjonar.

Planteloppemarked

NB: NY dato! Planteloppemarkedet vert laurdag 29. mai klokka 10.00-13.00 ved Coop i Askvoll sentrum.

Har du stiklingar, stauder eller planter til overs i hage eller drivhus? Ta dei med på planteloppemarked! Kanskje kan du finne nokre nye godbitar her og? Planteloppene vert selt til inntekt for hagelaget.

Barnas hagedag i urtetunet

Det vert omvisning i urtehagen, smaking av urter og planting.

Noko å bite i for små og store.

Flott hagelagstur til Nordfjord!

Flott tur Lene!

Hagevandring utsett

Hagevandringa (4. mai) hos Annfrid Vårdal er utsett på ubestemt tid. Tips gjerne oss i styret om andre aktuelle hagar som vi kan besøkje eller dersom du kunne tenke deg besøk i eigen hage. Vi vil prøve å få til eit hagebesøk før fellesferien.

Hagelagsturen 2010

Vår på Torheim

Laurdag 8. mai går turen til Nordfjord med hagelaget.

Stem på din favoritt i vårhagen!

Medan vi ventar på våren kan vi draume om alle dei fine blomane som dukkar fram om litt. Vi har laga ei uhøgtideleg røysting der du kan stemme på din favoritt i vårhagen, og legge til nye alternativ. Bli med og gje di stemme!

Gå på “Avstemningar” i menyen over eller klikk på link til røysting favorittplanter i vårhagen

Steinbra start på hagelagsåret!

8. mars var det “Stein i hagen” som var tema i Askvoll samfunnshus. Dei over 50 deltakarane fekk med seg mange tips og triks om steinsetting og steintypar. Benjamin Rock frå Rock hagedesign hadde det faglege programmet. Han delte raust av eigne erfaringar, og viste mange flotte bilde.

I pausen fråtsa vi i gode salatar med tilbehør – tusen takk til alle som hadde med mat!

Mens vi venter på våren........

Kew Garden i London

Det ser ut som vi må vente lenge på å få vende nasa mot jorda å begynne å leite etter vårteikn. Imens sit eg å ser igjennom bilda fra hageturen vi i styret hadde til London for snart eit år sidan…… og drøymer meg vekk. Eg håper på at vi får til ein ny tur igjen til neste vår, for det var verkeleg eit minne for livet med eit fantastisk reisefølge!

Stein i hagen

Benjamin Rock

Måndag 8. mars er det stein i hagen som er tema. Møt opp i Askvoll samfunnshus klokka 20.00! Benjamin Rock frå Rock hagedesign i Lærdal har foredrag. Kaffi og mat – og loddtrekking på inngangsbillett. Pris kr 120,- (medlemmar i hagelaget kr 100,-)

Klar for vår med hagelaget?

Snøklokkene

Sjølv om snøen ligg djup så kriblar det litt i hagefingrane. Katalogar med frø og planter dukkar opp i postkassa, med freistande fargar og gode (?) tilbod. Det er stor spenning til kva som har overlevd i hagen denne vinteren. Programmet for våren er klart, og det vert mange kjekke hageaktivitetar i Askvoll:

På jakt etter Rhodedendron?

Ole Jonny Larsen

Ole Jonny Larsen frå Ålesund har rhodedendron som sin store hobby. Han driv innsamling, formeiring og sal av planter.

Her er link til heimesida til Larsen og planteliste for 2010
Lista gjeld for heile året, men mykje vert seldt ut i vårhalvåret. Om du har spesielle ønskje, er det sikrast å bestille planter no.
Les meir…

Kina - rundreise i natur og kultur

Kina

For tredje året på rad arrangerer Hageselskapet Flora tur til Kina. Turen er open for alle interesserte, og det er eit variert program med tema natur og kultur. 24.mars til 04.april 2010 kan du oppleve Kina med guide og godt selskap frå Sogn og Fjordane.

Kreativ advent med Astrids' Blomster

Juledekorasjon

Bli med på kurs og lag din eigen dørkrans og adventskrans (til bordpynt).

Årsmøte i Hageselskapet Sogn og Fjordane

Vigdis og Lene i Kalvåg

Frå Askvoll hagelag reiste Vigdis Løberg og Lene Gjelsvik på årsmøtet.

Askvoll Hagelag

Følges av 34 medlemmer.
Origo Askvoll Hagelag er en sone på Origo. Les mer
[Bilete 1130745 fins ikkje eller er sletta]

Hageselskapet Askvoll hagelag har omlag 70 medlemmar i heile kommunen. Vi har 5-10 arrangement i året med tema hage og hagebruk. Som medlem i hagelaget får du rabatt på turar og arrangement, 10 nummer av bladet Norsk Hagetidend, og medlemsfordelar i hageselskapet.

Styret i Askvoll hagelag 2010:
Lene Gjelsvik
Marit Erikstad
Vigdis Løberg
Tove Grimelid
Anita Rennestraum

Kontakt oss gjerne for meir informasjon!

Annonse