Her kjem informasjon om arrangementa våre. Del gjerne erfaringar og bilder med oss, til inspirasjon, nytte og glede!

Nye bilder

Askvoll hagelag: 1000 opne hagar - markering i lag med Barnas turlag

Søndag 18.agust arrangerer Askvoll hagelag i saman med Barnas turlag 1000 opne hagar i Urtetunet til Borgny i Straumen i Askvoll.

Her vert rebus, Borgny fortel om urtene sine, minibutikken til Borgny er open, kaffe og kake vert servert.

Foredrag med Jostein Kjøsnes!

Onsdag 20.02 kjem fylkesleiar Jostein Kjøsnes til Askvoll Hagelag for å halde foredrag. Det blir i Stongfjorden Grendahus kl. 19.00. Foredraget heiter “Hage er meir enn vegetasjon”, og med det vil han å forenkle drift og vedlikehald i hagen, samt auke opplevinga av å vere i hagen. Eg har hatt gleden av å høyre foredraget sjølv tidlegare, og eg vart veldig inspirert! Håper mange tek seg tid til å komme på arrangementet. Vi serverer kaffi og kaker. Det blir også utlodning med mange flotte gevinstar! Pris for medlem kr 100, ikkje medlem kr 130. P.S. Foredraget passer også veldig godt for menn. Velkommen!

Planteloppemarknad!

Askvoll Hagelag lagar til planteloppemarknad laurdag 16. Juni i Askvoll sentrum V/Coop. Vi ynskjer oss plantelopper,stauder, sommarblomster,grønnsaker og stiklingar. Kaffen og vaflane er klare til hagepraten. Borgny kjem og med urtene sine:) Du kan og kjøpe lodd med kjekke gevinstar. Vel møtt laurdag! Styret v/ Vigdis.

Ettermiddag i gartneriet til Ingelin!

Vi inviterer til handel og hageprat hos Ingelin tirsdag 08.Mai kl.17.00-19.00.Sett av tid til kaffi og heimelaga kaker. Medlemmer få 15% avslag på planter.
Mvh Styret.

Adventsverkstad på Blomstertorget!

Tysdag 29. november fra kl. 18.00 i Dale. Blomstertorget stiller med profesjonelle rettleiarar, gløgg og kaffi.

Fjaler Hagelag ordner noko å bite i.

LONDON 2012!

Vil du vere med oss til London til våren? Vi i styret har komme fram til at vi ønsker å oppleve Chelsea Flower Show igjen i mai, og håper at du og vil vere med oss!

Planlegginga har såvidt komt igang, men du kan melde deg på turen no!

Yvonne Dengin kjem til Askvoll og Fjaler Hagelag!

Vi er så heldige at vi får besøk av sjølvaste Yvonne Dengin i mars!!! Dato , stad og klokkeslett kjem vi tilbake til. Yvonne er kjend fra tv-serien Kjærlighetshagen som gjekk på NRK i sommar/haust. Ho driv sitt eget Hagedesignfirma i Oslo, og har også skrevet mange hagebøker.Du kan lese meir om ho på http://www.dengin.no/l_design.html.

Vi i styret er kjempeglad for å få besøk av ho, og gleder oss veldig!

Årsmøte i Askvoll Hagelag!

Det vert årsmøte i Askvoll Hagelag Onsdag 5. Oktober kl. 19.30 i Storstova på Askvollheimen.

Årsmelding,rekneskap og val.

Foredrag "Vått, grått og grønt"!

Tysdag 20. September kl 18.00 reiser vi med ferje fra Eikenes til Dale, der vi har eit samarbeid med Fjaler Hagelag om foredraget “Vått, grått og grønt” v/ Anne Tafjord Kirkebø.

Artige, smarte idear om bruk av vatn,stein og planter i hagen. Til dels elleville idear fra Flower Shows og hagar i inn- og utland.

4 Hagevandringar i Vårdalsneset!

Søndag 14. august kl. 16.00 held Cecilie Utne, Anne Britt Heggøy, Sonja Høyvik og Klara Vindenes hagene sine åpne for besøkande!

Her får vi sjå 4 flotte og ulike hagar i samme byggefelt!

Hagevandring i Hestvika!

Onsdag 22. Juni kl. 18.00 blir det hagevandring i hagen til Grethe Agledal i Hestvika, Kvammen. No har du sjansen til å få komme inn i steinhagen som du sikkert har lagt merke til på veg til Førde!

Kom å bli med! Vi serverer kaffi og kaker.

Planteloppemarknad i Askvoll!

Lørdag 18. Juni frå kl.10.00 v/ Coop, skal vi ha vår årlege marknad. Vi tek gjerne i mot plantelopper! Vi sel planter,lodd,vafflar og kaffi, og Borgny kjem med urtene sine. Kom og slå av ein hyggjeleg hageprat mens vi venter på sommaren!
Styret

Plantelopper

Planteloppedag

PIONMANNEN KJEM TIL HOLMEDAL

Askvoll hagelag i samarbeid med Fjaler hagelag og Folkeakademiet

Pionmannen

Godt nytt hageår til gamle og nye medlemmer!

Juletreet er kasta ut for lengst, og julepynten har komt på loftet. Dagane har så smått begynnt å bli bitte litt lengre, og snøen held på å regne vekk, slik at eg såvidt kan skimte ei og anna plante der som eg trur blomsterbeda skjuler seg. Nye hageplanar har begynnt å dukke fram i tankane, og eg gleder meg veldig til vårsola tek overtaket på vinteren!

Kreativ advent med Astrid`s Blomster!

Bli med på kurs og lag din eigen borddekorasjon til advent!

”Favorittar i min hage” og årsmøte

”Favorittar i min hage” – ei bildereise med Fred Arild Grøneng

Hagelagstur til Amsterdam!

Onsdag 6. april set vi kursen mot Amsterdam og tulipanblomstringa i Keukenhof. Heimreisa vil bli søndag 10. eller mandag 11.april.

Soppdag i Stongfjorden

Søndag 12. september er det tid for soppsanking! Bli med på soppdag, eller få din eigen sopp kontrollert av godkjente soppkontrollørar om ettermiddagen. Harald Eriksen og Anne Johanne Schei frå Sunnfjord sopp- og nyttevekstforening vert med heile dagen.

Vi møtast klokka 13.00 i Grendahuset for infomasjon og tips om sopp. Deretter er det tur i Gjerdedalen der vi ser etter sopp og plukkar med oss det vi måtte finne. Ta med korg (gjerne med små plastkoppar i til å halde ulike sopptypar kvar for seg), kniv, børste (smørkosten til kakeforma funkar fint) og niste!

Flott hagevandring hos Linda og Eldar Rotihaug!

Først og fremst må vi få takke Linda for at ho ville ta imot oss i hagen sin i kveld! Ho var så gjestfri, at når regnet kom, stillte ho kjøkken og stua si til disposisjon då kaffien og kakene skulle fortærast. På vandringa i hagen, kan eg vel trygt seie at samtlege 20-25 besøkande vart imponert! Særleg over singelen dei har brukt i beda sine. Det såg så reint og fint ut, og eit veldig godt alternativ til bark. Dei vintergrøne buskene kjem enda betre fram ved bruk av singel. Hekken av blærespirea var og noko som dei fleste av oss la særleg merke til. Linda hadde og laga ei planteliste over alle plantene ho har planta, noko som imponerte oss veldig. Det er vel kanskje noko som dei fleste av oss tenker på at vi skulle ha gjort,men som berre blir med tanken…… Eg trur og mange av oss fekk inspirasjons-kriblingar når vi fekk komme inn i huset, noko som var like imponerande som utandørs. Ein ting kan vi seie oss einig om når det gjeld den dama. Ho kunne ha vore både hagearkitekt og interiørkonsulent!

Hagevandring

Onsdag 25.august klokka 18.30 hjå fam. Linda Ness Rotihaug på Nes i Askvoll

Velkommen til ein hyggeleg ettermiddag med hageprat og kaffi og ev. nye idear til å ta med heim!

Hagetur til Flor og Fjære

Stryn hagelag planlegg tur til Flor og Fjære, helga 20.-22. august. 2 overnattingar på hotell. Dei reiser forbi Førde formiddag på fredagen. Dei har ledige plasser, påmeldte til no er 33, bussen tek 48.

Pris per person i dobbeltrom, 2 middagar, 2 lunsj, Flor og Fjære, buss/ferger/bomp. ca. 3500, tillegg for enkeltrom kr.350.

Rosedag på Milde 6. juli

Arboretet og Botanisk hage på Milde inviterar til Rosedag på Milde med seminar og rosevandringar.

Programmet: Roser som står att i gamle hagar eller er arva frå tidligare generasjonar.

Askvoll Hagelag

Følgt av 42 medlemmar.
Origo Askvoll Hagelag er ei sone på Origo. Les meir
[Bilete 1130745 fins ikkje eller er sletta]

Hageselskapet Askvoll hagelag har omlag 60 medlemmar i heile kommunen. Vi har 5-10 arrangement i året med tema hage og hagebruk. Som medlem i hagelaget får du rabatt på turar og arrangement, 10 nummer av bladet Norsk Hagetidend, og medlemsfordelar i hageselskapet.

Styret i Askvoll hagelag 2011:
Tove Grimelid
Marit Erikstad
Vigdis Løberg
Magnhild Rørvik
Anita Rennestraum

Kontakt oss gjerne for meir informasjon!

Annonse